Hjort og førarkort
Påkøyrd hjort ved SkogenMann utan førarkort ved Halhjem

Politiet har hatt eit relativt roleg døgn i følgje loggen.
- På morgonkvisten i dag (onsdag, journ.mrk) blei ein tatt for køyring utan gyldig førarkort, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Mannen blei stoppa på Halhjemsvegen.
Viltgruppa varsla
I 7-tida blei ein hjort påkøyrd ved Skogen på E-39 (mellom Tøsdalsskiftet og Hetleflåten).
- Hjorten skal ha kome seg på beina og stukke til skogs.
- Viltgruppa blei varsla. Dei skulle kontakta bilførar slik at dei fekk ei nærmere angjeving om kor hjorten stakk slik at dei kunne starta ettersøk, forklarar Sperrevik.
Politiet skal òg ha fått melding om ein snodig mann i Os sentrum.
- Eg har ikkje noko meir på han. Truleg kan han ha vore rusa og difor blitt opplevd som snodig, avsluttar Sperrevik.