Lokal | 25. okt. 2019

Hjort påkøyrd i Nordstrøno

Bilen er bulka, hjorten stakk til skogs.

Hjort påkøyrd i Nordstrøno
I førre veke blei hjort påkøyrd på Ulvensletta og i Lysefjorden, i dag blei det samanstøyt i Nordstrøno. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. okt. 2019 06:57

Fredag morgon klokka 07.01 fekk politiet melding om nok ein påkøyrd hjort i Os, denne gong i Nordstrøno.

– Bilførar er uskadd, men den eine skjermen på bilen har fått ein bulk, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Hjorten stakk frå staden. Viltkontakt er varsla for ettersøk.

• Video: Fekk ein alvorsprat med stor bukk i brunst (Nordstrøno førre veke)

Fleire påkøyrslar siste veka

Natt til søndag var det nokon som køyrde over ein hjort i Lysefjorden, utan å stoppa og melda ifrå.

Hjorten, som var ganske maltraktert, blei funnen av andre bilistar på morgonen.

Tidlegare same veke blei ein bil knust av samanstøyt med ein hjort på Ulvensletta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.