Lokal | 14. mai 2014

HK-avgifta forsvinn

Regjeringa fjernar HK-avgifta på båtmotorar frå 1. juli. Det får store konsekvensar på prisen på motor og båtpakkar.

HK-avgifta forsvinn
Denne motoren blir no rundt 45.000 kroner billigare. (Foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 14. mai 2014 07:21

Når finansminister Siv Jensen (Frp) i dag legg fram revidert nasjonalbudsjett har ho med seg godt nytt til båtfolket.

Regjeringa går nemleg inn for å fjerne HK-avgiften på båtmotorar. Denne avgifta har i 2014 vore på 161,50 kroner per hk for motorar over 9 hk.

– Eg trur det vil vera kjærkoment for båteigarar å få eit bortfall av denne avgifta ved oppstarten av båtsesongen, seier finansministeren til NTB.

Vil rydda opp

HK-avgifta utgjer om lag 90 millionar i inntekter for Staten, men skal òg ha bydd på mange klagesaker og hovudbry for dei som skal krevja den inn.

– Dette er for staten ei «relativt lita inntekt».

– Vi vil rydda opp i unødvendige og kompliserte avgifter som det er vanskeleg å krevja inn.

Finansministeren håper at tiltaket vil få flerie til å investera i nye båtmotorar som nyttar mindre drivstoff, og som då òg forureinar mindre.

Regjeringa legg opp til ein overgangsordning for dei forhandlarane som har motorar på lager, slik at dei vil få refundert avgifta dei allereie har betalt.

– Fantastisk for båtfolket

Jonathan Dyrstad, dagleg leiar hos Båtens Beste, jublar over regjeringa sitt nye framlegg.

– Dette er ein gladsak for bransjen og alle båt- og motorkjøparar.

– Fjerninga av HK-avgiften vil gje ein redusert kost på båtpakkar og motorkjøp, fortel Dyrstad, som allereie har fått fleire telefonar og e-postar frå kundar og potensielle kundar med spørsmål om konsekvensane av endringa.

– Nyhenda er så fersk at vi ikkje heilt har fått oversikten på kva det betyr for dei som har båt og motor i bestilling.

– Vi må få litt tid på oss til å få undersøkt dette, seier Dyrstad.

Vil gje lågare pris

At prisane vil gå ned er ikkje Dyrstad i tvil om.

– På ein 9,9 hk utgjer jo avgifta nesten 1.600 kroner.

– På ein motor med 200 hk snakkar vi om rundt 32.000 kroner, så at den vil påverka prisane er det liten tvil om, avsluttar Jonathan Dyrstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.