HM Johnsen. (Pressefoto)

HM sin siste på heimebane

I 2018 blir det Tyskland, USA og tett med konsertar andre stadar i Noreg.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Når Hans-Marius «HM» Johnsen held konsert i Kløvertun om to veker er det hans siste konsert i heimbygda på eit år.

– Det er booka tett med spelejobbar, konsertar og festivalar i 2018, og litt inn i 2019. Vi har allereie måtta seia nei til fleire, fortel Johnsen, som i haust har fått eige management, Singstad Music.

Det er spesielt etter at han i august vann den prestisjetunge Union Blues Cup under Notodden Bluesfestival at den unge musikaren fekk fylt opp kalenderen.

I januar går turen til Austlandet, i mars skal han til Tyskland, til sommaren blir det fleire festivalar, og i januar 2019 reiser han på ein liten turné i Memphis.

Flying start på fulltidskarriera

Laurdag 25. mars i år sleppte HM Johnsen debutalbumet «Chased» med utselt konsert i Griegsamlinga i Oseana. Den talentfulle og ambisiøse osingen, som fyller 21 år i romjula, blei same månad fulltidsmusikar.

Notodden Bluesfestival, blei i år arrangert for 30. gong. Som ein del av festivalen arrangerer Norsk Blues Union, ein sjangerorganisasjon for norske blueskklubbar og bluesfestivalar, Union Blues Cup.

Premien i cupen er over 40 spelejobbar på ulike bluesklubbar rundt i Noreg, pluss spelejobb på festival i Tyskland og ein tur til Memphis.

Intim førjulskonsert med gjestar

Etter suksess med konserten «December Night» i Os i 2015 gjentar Johnsen arrangementet fredag 8. desember.

– Eg er i gang med album nummer to, som publikum får ein forsmak på, i tillegg vil eg spela både frå debutalbumet og nokre coverlåtar, også nokre julelåtar av den sorten folk ikkje høyrer så ofte på radio.

• Videoportrett: Tett på HM Johnsen

Johnsen stiller denne kvelden som trio, med Sigurd Steinkopf på trommer og Jone Kuven på bass.

– Gjesteartistar er Helene Waage, Ove Gåssand og Håvard Øvrebø. Og så kjem Fredrik Kristiansen heim frå Trondheim for å spela med meg etter gamalt, det var veldig kjekt at han ville, seier Hans-Marius.

Johnsen har inga formeining om kor mange som kjem denne kvelden.

– Eg har ikkje tid til å organisera førehandssal, så alt sal er i døra. Vi legg ut 150 billettar og håper det blir eit godt publikum.

Fleire saker