Hodneland i kyrkja
Musikk i kyrkja: Nestemann ut er Tore Hodneland.
Sundag 18. april er neste runde i serien «Musikk i kyrkja», og då er det tid for moderne gitarjazz med Tore Hodneland.
Det unge gitartalentet Tore Hodneland (14) frå Tysnes dyrkar moderne amerikansk jazzgitar, særleg med inspirasjon frå gitarlegendene Pat Metheny, Mike Stern og John Scofield.
Frå hausten 2008 er han fast gitarist i Bergen Ungdomsstorband og han har og turnert med Bergen Filharmoniske Orkester. Tore har motteke fleire stipend for unge talent, m.a. BTs oppmuntringsstipend.
På konserten i Os kyrkje får vi møta han i samspel med to erfarne jazzmusikarar, Ole Amund Gjersvik på kontrabass og Nils Are Drønen på trommer, i eit program prega av medrivande swing og utsøkt improvisasjonskunst, skriv Os Sokneråd i ei pressemelding.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.