Høg aktivitet i Os
Det er stor nedgang i byggeaktiviteten i Noreg, men ikkje i Os.


Byggearealstatistikken for september viser låge igangsetjingstal i alle sektorar. Til no i år er det totalt registrert igangsett 27 prosent mindre bruksareal enn i same periode i 2008, melder Statistisk Sentralbyrå i dag.
I dei ni første månadane i 2009 har det vore byggestart på 14.158 nye bustadar. Det er 26 prosent færre enn på samme tid i fjor.
For næringsbygg er det til no igangsett 2,2 millionar kvadratmeter bruksareal. Det er ein nedgang på 31 prosent samanlikna med perioden frå januar til september i fjor.
Det er også stor nedgang for fritidsbustadar og bustadgarasjar, 722.200 kvadratmeter bruksareal er 24 prosent negang frå same periode i fjor.
Framleis høg aktivitet i Os
I 2008 var det byggestart på 186 bustadar i Os, mot 66 i 2007.
Halvvegs i 2009 var det igangsett 145 bustadhus i Os, frå einebustadar til rekkehus og bustadbygningar på 3 og 4 etasjar.
Slik fordeler dei 145 bustadane seg, 1. og 2. kvartal 2009
Einebustad: 51
Einebustad med hybelleilighet, sokkelleilighet o.l.: 20
Del av tomannsbustad, vertikaldelt: 8
Tomannsbustad, horisontaldelt: 4
Rekkehus: 0
Kjedehus inkl.atriumhus: 0
Terrassehus: 0
Andre småhus med 3 boliger eller flere: 8
Store frittliggande bustadbygg på 2 etasjar: 0
Store frittliggande bustadbygg på 3 og 4 etasjar: 54
Store frittliggande bustadbygg på 5 etasjar eller over: 0
Påbyrja bustadar i Os dei siste åra
2000: 25
2001: 78
2002: 185
2003: 87
2004: 119
2005: 93
2006: 88
2007: 66
2008: 186
2009, første halvår: 145
Kjelde: ssb.no