Rundt midnatt skal floa bli 32 cm høgare. I tillegg er elva veksande. (Foto: KVB)
Rundt midnatt skal floa bli 32 cm høgare. I tillegg er elva veksande. (Foto: KVB)

Høg elv kan «pressa» ekstrem-flo inn i sentrum

Raudt farevarsel: Er du førebudd på 32 cm høgare vasstand enn dette?

Kjetil Vasby Bruarøy
10. februar 2020 - 12:46

Det bygger seg opp mot ekstrem høg vasstand måndag kveld, og Meteorologisk institutt har oppgradert frå oransje til raudt farenivå.

Det er venta 80 til 100 cm over normalt flo.

I Os er det full flo klokka 23.54 i kveld. Det er meldt 220 cm høg vasstand, som er 32 cm høgare enn det vi såg klokka 11.23 i dag. Då gjekk vatnet forbi Buggegården, omtrent til inngangen til tannlegekontora i Handlegården. 

– Folk med naust, bustad eller næringslokale nær sjø bør sikra verdigjenstandar, først og fremst ved å løfta dei frå golvet, seier brannsjef Eivind Hovden.

– I tillegg oppmodar vi folk om å tenkja seg om før dei parkerer bilen. I januar var det 5-6 bilar i sentrum som blei skadd av stormflo.

Brannvesenet køyrer ordinær bemanning, men kaller ut ekstra mannskap ved behov.

Oselvo når toppen på same tid

Om varselet om 220 cm flo slår an, kan sjø og elv nå eit stykke innover i Brugata.

Samtidig kan elva vera med å pressa vatnet endå lengre inn i gatene.

Vassføringa nådde topp på Røykenes i går kveld, etter store nedbørsmengder i helga, og er normalt på topp i Os sentrum eitt døgn seinare.

Altså på full flo i kveld.

Brygger skadd i høg flo søndag

Også på 174 cm flo søndag, med frisk bris frå sør, fekk hamna gjennomgå. Gjestebrygga mellom Esso og Peppes ser ut til å ha blitt skadd.

Det er meldt svakare vind i kveld, 6-8 m/s frå vest, ikkje sør.

Stille sjø i Os hamn i dag, i motsenad til i går. (Foto: KVB)
Stille sjø i Os hamn i dag, i motsenad til i går. (Foto: KVB)