Lokal | 26. juli 2019

Høg fart og førarkortbeslag

Laserkontroll i Hegglandsdalen og førarkortbeslag etter trafikkulykka på E39 i går.

Høg fart og førarkortbeslag
Laserkontroll i Hegglandsdalen og trafikkulykke på E39 er siste nytt frå politiet. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 26. juli 2019 10:20

I går formiddag gjennomførte politiet ein laserkontroll i Hegglandsdalen, like ved barnehagen.

Politibetjent ved Os lensmannskontor, Sindre Hallem fortel at det mellom klokka 9.45 og 11.45 vart reagert på seks ulike tilhøve av høg fart.

Høgaste fart vart målt til 73 kilometer i timen.

Hallem fortel at fartsgrensa på staden er 50 kilometer i timen, og at føraren som vart målt til 73 kilometer i timen drog på seg to prikkar på førarkortet, i tillegg til eit forenkla førelegg på 8.500 kroner.

Beslag i førarkortet

I går ettermiddag var det ei trafikkulykke på E39 på Søfteland.

Ein bil skal ha treft fjellveggen, og føraren av bilen vart teken til legevakt etter ulykka.

I dag fortel Hallem at føraren kom frå ulykka utan skader, men at det er teke beslag i førarkortet og det er oppretta sak. Dette fordi det skal vera mistanke om at bilføraren sovna bak rattet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.