Kultur | 01. okt. 2014

Høg odds for Fredrik

I kveld kjempar Fredrik om ein av to plassar i finalerundane i Idol. Før sendinga er han, som Eirik Søfteland var, spådd å landa på sisteplass.

Høg odds for Fredrik
Fredrik Dahle Kristiansen frå Søfteland er topp 40 i Idol. I kveld kjempar han om plass i topp 10. (Foto: TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. okt. 2014 13:46

Speleselskapet NordicBet plasser osingen Fredrik Dahle Kristiansen som ein høgoddsar før kveldens semifinale.

Seks av ti plassar i finalerundane er delt ut, Fredrik kjempar i kveld om to av dei fire siste plassane i fjerde og nest siste semifinale.

– Vi trur ikkje Fredrik går til finalen, seier Daniel Vassbund frå NordicBet.com.

Vassbund trudde også at Eirik Søfteland skulle bli den første til å ryka ut av finalerundane i fjor.

Fleire på vake på Solsiden

Sjølv om Fredrik er yngre og mindre kjent i Os enn Eirik Søfteland var, kan det godt vera at Vassbund undervurderer osingane nok ein gong.

– Arbeidsplassen til Fredrik, Kiwi Moberg, har bestilt bord til 15-20 stykker på Idol-vake i kveld, seier Tore André Sagstad frå Solsiden.

Os Rockeklubb har tatt initiativ til Idol-vaken på pianobaren i Irisgården i kveld.

– Eg har tøffe konkurrentar

Midtsiden fekk ein prat med Fredrik i eit av få ledige minutt i dag, per telefon frå taxi mellom studio og Idol-bustaden på Frogner.

– Eg er klar over at konkurransen i kveld er hard. Lydfolka i studio snakka om det på øving i går at det blir høgt nivå i kveld.

Fredrik kom til Oslo måndag og reiste rett i studio for først å klippa låta ned til 1 minutt og 40 sekund. Så var det øving.

– Vi har det veldig kjekt saman, men det er travelt. Det går veldig bra med låta, viss den sit så godt som på siste øving i går så blir det bra TV, lover han.

– Eg er veldig takksam for at det blir arrangert vake! Det hadde vore veldig kjekt om gjengen på Solsiden, og dei som sit heime, sender meg vidare i kveld.

Her er oddsen

Fredrik sin finaleodds er heile 6.25, mens dei store favorittane Jørn Trollebø Kvalheim og Ingrid Johansen har 1.27 og 2.55 i odds.

– Jørn er den som har imponert oss klart mest, og så føler vi oss rimeleg trygge på at det er ei jente som slår følge med han til finalen, seier Vassbund hos NordicBet.

Odds - kven går til finalerundane i kveld:
Jørn Trollebø Kvalheim 1.27
Ingrid Johansen 2.55
Tara Lill Flåten Nicolaisen 3.00
Charlotte Sally Aleah Wahl Johansen 3.30
Sophie Strøm 4.25
Ramón Torres Andresen 5.50
Jessa Gunnarsen 6.00
Fredrik Dahle Kristiansen 6.25

Dette syng deltakarane i kveld (i tilfeldig rekkefølge):
(Sjå bilde av alle)
Charlotte Sally Aleah Johansen (20) frå Fredrikstad/Oslo syng Rihannas "Stay".
Ramon Torres Andresen (15) frå Gjerdrum syng "Love Runs Out" av OneRepublic.
Fredrik Dahle Kristiansen (21) frå Os syng "Sexy And I Know It" av James Arthur.
Tara Lill Flåten Nicolaisen (17) frå Lakselv syng ZZ Wards "Put The Gun Down".
Sophie Strøm (16) frå Kristiansund syng "Heaven" av Emili Sande
Jørn Trollebø Kvalheim (23) fra Måløy syng "Where Do My Bluebird Fly" av The Tallest Man Og Earth.
Ingrid Johansen (16) fra Odda syng "Use Somebody" av Kings Of Leon.
Jessa Gunnarsen (27) fra Tananger syng "The Prayer" av Andrea Bocceli og Celine Dion.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.