Os frå lufta. (Arkivfoto)

Høgare folkevekst

Vi blei 79 fleire innbyggarar i Os i løpet av første kvartal.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag publiserte SSB.no ferske folketal for Noreg og alle kommunane.

På landsbasis auka vi med 6.550 innbyggarar til 5.334.762.

I Hordaland auka folketalet med 802.

13 kommunar i Hordaland opplevde vekst, 17 hadde negativ folkevekst og 3 kommunar gjekk ut av første kvartal med akkurat like mange innbyggarar som dei starta med.

Høgare vekst enn i fjor

I Os kommune auka folketalet med 79 frå 1. januar til 31. mars.

Det er 29 fleire enn i første kvartal 2018, og med unntak av 3. kvartal i fjor (+ 105) høgaste vekst sidan 2. kvartal 2017.

Os har til no i år vakse mest i Hordaland etter Askøy (+95).

Ligg an til å passera 21.000 i år

Vi starta året med 20.804 innbyggarar og er no oppe i 20.883.

Fødde: 52
Døde: 19
Tilflytting, innanlands: 192
Utflytting, innanlands: 166
Innvandring: 26
Utvandring: 6

Vi treng med andre ord eit snitt på knappe 40 i vekst per gjenståande kvartal for å passera 21.000 innbyggarar i løpet av året i år.

Det var i tredje kvartal 2016 at vi passerte 20.000 innbyggarar.

Nedgang på 12 i Fusa

I Fusa gjekk folketalet tilbake frå 3.861 til 3.849 i løpet av første kvartal.

Fødde: 8
Døde: 8
Tilflytting, innanlands: 24
Utflytting, innanlands: 37
Innvandring: 3
Utvandring: 2

Folketalet i Fusa gjekk fram i 2 av 4 kvartal i 2017, men har no gått tilbake fem kvartal på rad.

Fleire saker