Høge hopp og lange kast
Bildeserie: Stor aktivitet og høg innsats under friidrettens dag.
Laurdag inviterte Os Turn Friidrett til Friidrettens dag for tredje året på rad på Kuventræ sentralidrettsanlegg.
I ei uformell setting fekk ungane teste seg på ulike øvingar innan friidretten. Her var det sprint, kule, hekk, lengde, høgde, liten ball og spyd.
Då Midtsiden var innom var det 24 ungar i sving rundt på banen.
– Folk kommer og går litt i dei to timane vi held på, så kor mange det blir til slutt veit vi ikkje enno, men det er kjekt å sjå dei som er her.
– Som instruktuørar har vi fått med oss dei eldste utøvarane våre frå 13 år og oppover. Dei går foran som gode førbilder, seier Svein Hausberg i friidrettsgruppa.
I stadig vekst
Friidrettens dag er naturleg nok eit rekrutteringstiltak for at fleire skal få testa ulike øvingar.
– Korleis er ståa i friidrettsgruppa no?
– Den er veldig bra. I den yngste gruppa var vi 30 utøvarar på trening sist. I gruppa opp til 12 år er vi vel omlag 25, så har vi den same utfordringa som andre idretter når det gjeld dei eldste, nemleg å få dei til å halde fram, men om alle er på trening samstundes så tel vi vel no 15 utøvarar frå 13 år og oppover.
– For oss i friidrettsgruppa er det viktig å halde desse utøvarane samla på trening, sjølv om dei er i ferd med å spesialisera seg i sine idretter anten der løp, lengde eller høgde. Vi har tru på at det å byggje eit kjekt miljø, som ungdommane trivst i, vil vera med på at dei held fram med idretten lengre.