Sport | 26. juni 2014

Høge kast i Oshallen

47 cheerleadarar brukte starten på sommarferien til treningsleir i Oshallen.

Høge kast i Oshallen
Du skal stola på lagkameratane dine om du er ein cheerleadar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 26. juni 2014 07:49

Bildeserie:

Dei eldste konkurrerte i to grupper med spestige hopp og stunts (foto: Andris Hamre)
Dei eldste konkurrerte i to grupper med spestige hopp og stunts (foto: Andris Hamre)
Det er ikkje berre løft og formasjonar, men og sprelske sprell (foto: Andris Hamre)
Det er ikkje berre løft og formasjonar, men og sprelske sprell (foto: Andris Hamre)
Go CheeriOs (foto: Andris Hamre)
Go CheeriOs (foto: Andris Hamre)
Oppildning av kvarandre og laget dei heiar på er eit sentralt element (foto: Andris Hamre)
Oppildning av kvarandre og laget dei heiar på er eit sentralt element (foto: Andris Hamre)
Også PeeWee-ane, dei yngste, har lært seg nokre stunts (foto: Andris Hamre)
Også PeeWee-ane, dei yngste, har lært seg nokre stunts (foto: Andris Hamre)
Spenstige PeeWees (foto: Andris Hamre)
Spenstige PeeWees (foto: Andris Hamre)
Headcoach Mia Elnes flyttar tilbake til USA, men kjem til å halde kontakten med CheeriOs (foto: Andris Hamre)
Headcoach Mia Elnes flyttar tilbake til USA, men kjem til å halde kontakten med CheeriOs (foto: Andris Hamre)
1 av 7

Det er ikkje berre fotballfolket som nyttar dei første dagane av sommarferien til å trena litt ekstra gjennom fotballskuler rundt om i kommunen. På Kuventræ har også cheerleadarane hatt sin treningsleir dei tre første feriedagane.

– Det er andre året vi arrangerar Cheercamp i Oshallen.

– I år er det 47 deltakarar.

– Ekstra kjekt er det å sjå at vi har med 12 heilt nye, pluss nokre som var med i starten, men som no har kome tilbake.

– Deltakarane har vore flinke. Dei har mykje energi og har lært seg mykje desse dagane, fortel headcoach i CheeriOs, Mia Elnes.

Avslutta med konkurranse

Dei tre dagane med øving blei onsdag avslutta med ei konkurranse, kor dei eldste cheerleadarane blei delt inn i to lag som skulle vise stunta dei har lært.

– Dommarane ser på kreativiteten i showet, korleis dei utførar stuntsa, om dei gjer feil og kva utstråling og spirit dei viser.

– Du veit ein cheerleadar skal vera like sliten i smilemuskelen som i dei andre muskla i kroppen etter ei oppvisning, forklarar Elnes.

Det blei både høge kast og spretne hopp på matta når cheerleadarane holdt showa sine.

Til USA på treningsleir

Sjølv flyttar Elnes tilbake til heimlandet USA i sommar, men først skal ho arrangera treningsleir for nokre av medlemma i CheeriOs.

– Vi reiser med tre trenarar og sju utøverar til North Carolina State University kor dei skal trena med deira cheerleadarar og trenarar.

– Det trur eg skal bli veldig kjekt.

– Sjølv om eg no flyttar, så håpar eg dei klarar å halde spiriten oppe.

– Eg kjem til å komma tilbake til Os neste sommar for å vera med på campen då. Kanskje klarar eg å få med meg nokre trenarar frå USA også, avsluttar Elnes med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.