Her er det ein elg som er påkøyrd, men også ein stor hjort kan gjera skade på bil og menneske om den blir påkøyrd. (Foto: Gjensidige)

Høgsesong for påkøyrsle av hjort

I fjor blei det registrert 218 kollisjonar mellom bil og hjort i Hordaland - frå oktober til desember.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ein tredel av alle viltpåkjøyrslar skjer frå oktober og fram mot jul.

– I dei siste månadane av året aukar mengda påkøyrslar i Hordaland med 60 prosent, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Sesongtrekk, jakt, mørkare kveldar og dårlegare føreforhold er nokre av forklaringane.

– Demp farten!

Sammenstøyt med store dyr som elg og hjort kan føra til alvorlege personskadar og store materielle skadar, spesielt om farten er over 80 kilometer i timen. Høg fart gjer det òg vanskelegare å reagera i tide når dyr er på veg inn i på asfalten.

- Det skjer flest ulykke mellom klokka 7 og 8 om morgonen, og etter klokka 17 og fram mot midnatt.

– Ver ekstra merksam, og demp farten på utsette vegstrekk, anbefaler Voll.

Du har plikt å melda ifrå

Om du køyrer på eit dyr har du plikt å melda ifrå, anten det er husdyr eller ville dyr. Å ettrlata seg eit skadd dyr er straffbart.

Eit skadd dyr prøver ofte å gøyma seg, og kan veravanskeleg å finna. Dei kan bli liggande i smerter i fleire dagar før dei døyr.

– Det kan vera avgjerande for ettersøk at du merker staden der det skadde dyret blei påkøyrd, eller der dei stakk ut av vegen. Merk staden og ring politiet på 02800, så kontaktar dei lokalt ettersøksmannskap.

Ingen bonustap - ingen eigenandel

Gjensidige opplever at det er ei utbreidd misoppfatting om at det kan kosta deg dyrt å melda frå om dyrepåkjørsler.

– Dette er feil – du risikerer ikkje bonustap og du treng ikkje betala eigenandel ved påkøyrsle av vilt, seier Voll.

Statistikk er henta frå Hjorteviltregisteret og Finans Norge.

Fleire saker