Utsikt frå hus 5, som har overtaking i desember i år. Huset nedanfor har innflytting i oktober. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Utsikt frå hus 5, som har overtaking i desember i år. Huset nedanfor har innflytting i oktober. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Høgt tempo i Lekvenvågen

Det nærmar seg innflytting i første trinn av dei 30 nye leilegheitene i Bygg Concept sitt prosjekt i Lekvenvågen.

Kjetil Vasby Bruarøy
23. september 2014 - 10:32

– Onsdag støyper vi hus 3 og i neste veke kjem det asfalt inn til dei første husa. Vi har lokale handverkarar på prosjektet og byggeprosessen har vore effektiv og god.

– Bygging av alle husa er i gang og dei første flyttar inn i oktober, fortel dagleg leiar i Bygg Concept AS, Øyvind Tøsdal.

Selskapet overtok tomta for to år sidan og sidan salsstart våren 2013 har det gått som venta. Fort.

– Tomta ligg veldig fint til, eit steinkast frå sjøen og samtidig med kort avstand frå Os sentrum, sa Tøsdal i mars 2012.

30 leilegheiter i 3 trinn

Prosjektet består av 6 hus, 3 med 4 leilegheiter i, 3 med 6 husvære.

Dei har blitt selt i tre trinn, 10 og 10, med prisar frå 2.190.000 kroner og storleik frå 64 til 79 kvadratmeter.

– Vi har tre innflyttarar frå Fana og Bergen, elles er kjøparane frå Os, i ulike aldrar, også småbarnsforeldre.

Ti i hus før jul

Dei to første husa, hus 6 og 5 med til saman 10 leilegheiter, har innflytting i år.

– Alle fire i hus 6 er selt, dei overtar i oktober. Fem av seks i hus 5 er selt, der er det overtaking i desember.

Det er også godt sal i hus 3 og 4, som skal vera klare til påske 2015, og nok sal til at det også er byggestart på dei to siste, hus 1 og 2, som skal byggast ferdig før sommaren neste år.

– Totalt er det 17 sal og to reserverte av 30 hus, så litt ledig er det framleis.

– Dei fleste har veldig god utsikt, men vi ser at det er toppetasjane som blir selt først.

Hamnehagen og Kuventræ neste

Bygg Concept, som har kontor i Hamnevegen, har også prosjektet Hamnehagen å jobba med.

Her var dei godt i gang med sal av 43 leilegheiter, men så stoppa det opp og tiltakshavar ville teikna om.

Men så kom det signal om nye og reduserte krav til friareal og Bygg Concept ville sjå på sjansen for å bygga fleire einingar på tomta ved Os Eldresenter.

– Vi skal i møte med Os kommune denne veka om saka. Det blir truleg til at vi må laga ny reguleringsplan, trur Tøsdal.

Ein annan plan Tøsdal jobbar med er på Kuventræ. Her skal det byggast 70 nye leilegheiter mellom kyrkjegarden og idrettsplassen.

– Vi jobbar med å få denne planen inn til førstegongsbehandling i november, seier Tøsdal.

Les meir om

Næringsliv Eigedom