Fotball | 11. sep. 2018

Holme og Kolskogen spelte nye landskampar

Madelen skåra og slo Sverige med J16, Ole Martin vann firelagsturnering med G17.

Holme og Kolskogen spelte nye landskampar
Madelen er nr to frå venstre på bakre rekke, Ole Martin har nr 14 på brystet. (Foto: NFF/Karin Larsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. sep. 2018 07:08

I helga har landslagsutøvarane frå Os, Sandviken-spelar Madelen Koldal Holme og Åsane-spelar Ole Martin Lekven Kolskogen, spelt kampar med flagg på brystet igjen.

Noreg J16 spelte to kampar mot Sverige, som trening til EM-kvalifisering i oktober.

Madelen spelte frå start i begge kampane, sette inn 2-1-målet i første kamp, som enda 3-3, og hadde assist på einaste skåring i andre kamp. Holme spelte 61. minutt av første kamp og 46 minutt av den andre.

– Dette er eit godt svensk lag med mykje spelekraft og gode spelarar. Vi skal vera nøgd med det vi har prestert no når vi nærmar oss kvalik, seier landslagstrenar Børje Sørensen til fotball.no.

I EM-kvalifiseringa i oktober speler Noreg mot Russland, Israel og vertslandet Kroatia.

Avslutta G17-sesongen med å vinna turnering

Noreg G17, med midtstoppar Kolskogen frå Os, har i helga spelt firenasjonarsturnering.

Noreg starta med å slå vertsnasjonen Sverige 2-0. Ole Martin spelte frå start og heile kampen.

Mot Austerrike leia Noreg, men kampen enda 1-1. Kolskogen spelte frå start og 46 minutt.

Turneringa blei avslutta med 4-0-siger over Romania. Kolskogen spelte frå start og 82 minutt.

– Dette var ei bra avslutting både på turneringa og på landslagsåret for G17-landslaget. Dette var den siste samlinga til dette kullet, og dei har levert ein god sesong. Gutta viste mykje bra i EM, og har halde fram i samme spor her.

- Målet var å vinna turneringa, og det gjorde vi, seier Gunnar Halle til fotball.no.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.