Hoppar i det igjen
For femte året på rad inviterer dei til rockegalla i klubben fredag. - Det blir metal og rock, lover gutane.
Med utspring frå ungdomsmiljøet i kyrkjelyden og rockeklubben blir det heftig underhaldning i kyrkjetunet fredag når klubben inviterar til rusfri rockegalla. Heile 6 band skal på scena i løpet av dei 3-4 timane konserten varar.
- Døra opnar med billettsal klokka 20 og er open for alle frå 12 år og oppover, fortel Øystein Skarding.
Han forsikrar om at arrangementet er rusfritt og at dei stiller med vaksne vakter både i døra og inne på konserten i peisestova.
- Der blir det fullt trøkk med topp lys, lyd og scenerigg.
- I tillegg skal heile konserten filmast, så vil ein bli filmstjerne er dette staden å vera fredag kveld, skyt bror og medarrangør Håkon inn.
Crazy shit
Line-up for kvelden er Pink Disease, Ondt i hode, Rephrase, King Calling, Abstractium og gamlekara i Ondt i ryggen.
- Kva slags type musikk speller desse?
- Det blir eit breitt spekter med mykje metall og rock.
- I tillegg speler eit av banda det dei kallar crazy shit, fortel Edvard Moe om den nye, noko abstrakte musikkgeneren.
Dei fem arrangørane håper på ny publikumsrekord og full peisestove med opp mot 100 tilskodarar fredag.