Hordakappleik - Hordamønstringa 2019

Folkemusikk og folkedans

Ein heil dag med folkemusikk og folkedans.
 
Hordamønstringa er ei årleg tilskiping som samlar spelemenn, kvedarar og dansarar frå heile Hordaland. Her kan du høyra dei aller yngste og det dei har lært. Mange er svært flinke, og alle er sjarmerande. Her er deltakarar i alle aldrar og kategoriar, og her kjem utøvarar som har vunne det meste, og som er mellom dei beste i landet både innan spel og dans.
 
Mønstringa er fyrst og fremst ei framsyning av breidda i folkemusikkmiljøet i fylket vårt, og det vert konkurrert i mange ulike klassar. Hardingfela er sjølvsagt sentral. Du vil kunna høyra solospel frå nokre av dei beste spelemennene i landet, og det blir spel av mange av spelemannslaga i Hordaland. I tillegg får du høyra toradarspel, også det både som solo og som lagspel.
Vokal folkemusikk, eller kveding, er det ikkje så ofte ein får høyra. Det er ei fasinerande musikkform som er vel verd å bli kjent med.
Hordaland har mange flinke dansarar. Du vil få sjå både springar og rull, og ikkje minst lausdans, eller Halling, som er formell 1. klasse innafor dans.
 
Hordamønstringa går føre seg heile dagen. Program for dagen vil ikkje vera klart før vi veit kven som melder seg på, men vi kan garantera mange flotte opplevingar.
 
Os Spelemannslag er lokal arrangør. Det blir dansefest i Eldresenteret på Os på kvelden.
 
Facebookarrangement
 

Lørdag, mars 23, 2019 - 11:00