Lokal | 11. okt. 2016

Hordalands største anleggs-arbeidsplass?

Utbygginga av E39 Svegatjørn-Rådal er truleg Hordalands største anleggs-arbeidsplass.

Hordalands største anleggs-arbeidsplass?
Mellom 400 og 500 vil truleg vera direkte knytta til anleggsdrifta på E39 Svegatjørn-Rådal gjennom 2017. (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 11. okt. 2016 13:24

Det slår prosjektleiar Sverre Ottesen fast i ei oppdatering på prosjektet si facebookside.

Bakgrunnen for utsagnet er at regjeringa i sitt forslag til statsbudsjett satte av 1,49 milliardar kroner til prosjektet i 2017.

– Skal vi klara å "bruke opp" alle dei pengane, betyr det at entreprenørane våre må opp i ein samla produksjon på meir enn 5 millionar kroner kvar dag det jobbast.

– Vi trur at ein stad mellom 400 og 500 personar vil vera direkte knytta til anleggsdrifta gjennom 2017. I tillegg kjem eit stort antall underleverandørar som leverer varer og tenester av ulikt slag til anlegget.

Sjå korleis arbeidarane bur på "Hotel Ådnadalen"

Jamn opptrapping

Då vegprosjektet blei vedteken i Stortinget 18. november 2014 låg det til grunn ei kostnadsramme på 6,5 milliardar 2014-kroner fordelt på 60% statleg finansiering og 40% finansiert gjennom bomselskapet.

I finansieringsmodellen stortinget vedtok såg ein føre seg var 200 millionar statlige midler til planlegging i 2011-2013, 2,4 milliardar kroner i perioden 2014-2017 og 3,9 milliardar i perioden 2018-2023.

Det blei lagt opp til etterskotsinnkreving av bompengar og lagt til grunn 18 års innkrevingsperiode.

Dette har blitt løyvd

Eit søk i statsbudsjetta syner at det så langt har blitt løyvd 3,07 milliardar til prosjektet fordelt slik:

2017: 1,49 milliardar
2016: 1,03 milliardar
2015: 300 millionar
2014: 50 millionar
2011-2013: 200 millionar

Fakta om E39 Svegatjørn-Rådal:

  • Lengde: 16 250 meter ny E39
  • Omfang: Totalt 18 000 meter hovudveg, 1 300 meter ny fylkesveg med gang- og sykkelveg.
  • Finansiering: Bompenger, Stat
  • Totalkostnad: 6,50 mrd. kr (Prisnivå 2014)
  • Oppstart: 1. sept og 1. okt 2015 på dei to hovudentreprisene
  • Antatt opning: 2022

Per 29. september var 45,6% av Skogafjelltunnelen og 17,1% av Lyshorntunnelen utsprengt. 16% av Rå og Søråstunnelene i Fana var utsprengt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.