Marie Bruarøy har gjeve ordførarklubba tilbake til Terje Søviknes. I kveld snur Frp eit to veker gamalt vedtak. (Arkivfoto: KVB)

Hordfast: Frp snur i sak om førehandsinnkreving

– Søviknes markerer seg i sitt ordfører-comeback, skriv NRK.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I møte i Os formannskap tysdag for to veker sidan blei uttale til prinsippsak om førehandsinnkreving behandla.

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak:

«Os kommune støttar Hordfast AS si prinsippsak om førehandsbompengar på ferjene som blir avløyst av ny E39 Hordfast. Dersom det etter tre års innkrevjing ikkje er gjort vedtak om forlenga bomperiode eller realisering av prosjektet skal ubrukte bompengar nyttast til tilstøytande vegar i Stord/Fitjar, Os og Tysnes.»

5 mot 4

Ordførar Marie E. L. Bruarøy (H) og Laila M. Reiertsen (Frp) var ugild i saka. Det var ingen vara for Bruarøy, men Ståle Skaatun (H) blei vald som setteordførar og Gustav Bahus (Frp) var vara for Reiertsen.

Etter gruppemøte fekk framlegget 5 røyster (2H og 3 FrP) mot 4 røyster (MDG, V og 2 AP) og blei vedtatt.

– Frp seier nei i kveld

I kveld er det kommunestyremøte og saka skal opp igjen.

Der vil Frp likevel gå imot førehandsinnkrevjing av bompengar, seier Terje Søvknes til NRK.

– Prosjektet vil ikkje bli påverka av førehandsbompengar eller ikkje. Hordfast er forankra i NTP, og Staten har allereie brukt vel ein milliard kroner på å utreia og planlegga dette. Prosjektet har høg prioritet nasjonalt og vil bli realisert, seier Søviknes.

Selskapet Hordfast AS, som jobbar for realisering på vegne av næringslivet, har foreslått å krevja inn bompengar på ferjestrekningane i området i tre år. Det skal generera 150 millionar kroner til planlegging. For at dette skal bli vedtatt på Stortinget, må berørte kommuner og fylkeskommuner vera med på laget.

Søviknes seier han, trass nei frå Os, ikkje er sikker på at saka vil bli avvist på Stortinget.

 

Fleire saker