Politiet viste natt til søndag ein person vekk frå ei adresse i Os sentrum, men mannen kom tilbake seinare og blei satt i arresten.

Høyrde ikkje på politiet - blei sett i arresten

Ein mann fekk pålegg om å halda seg vekke frå ei adresse. Det klarte han ikkje.

Av: Andris Hamre

Natt til søndag fekk politiet melding frå ei adresse i Os sentrum om at ein mann var hissig.

– Patruljen rykte ut til adressa og kom i kontakt med mannen. Han fekk pålegg om å forlata adressa og ikkje koma tilbake innan ei viss tid, fortel politibetjent Sindre Lekven Hallem ved Os og Austevoll lensmannsdistrikt.

– Det klarte han ikkje å forholda seg til, og kom tilbake til adressa på dagtid søndag. Difor blei han henta av politiet og køyrd i arresten. Han er meldt for ikkje å ha retta seg etter pålegg frå politiet.

Slåss på utestad

Natt til laurdag var det ein liten slåstkamp i Os sentrum.

– Patruljen fekk melding frå vaktane på ein utestad at dei hadde handtert eit mindre slagsmål inne på utestaden, men at partane hadde forlatt staden.

Fleire saker