Høyrte smell i Ervikane
Politiet: Husbråk, merkeleg kjøring på Halhjemsvegen, smell i Ervikane og funn av to meter lange bøyer i Strøno.
Tysdag fekk politiet melding om ein to meter lang bøye som låg i sjøen i Molvika, vika mellom Ervikane og Strøneosen.
– Bøyen skal vera gul og ha teksten Partnerplast AS på seg, og nummeret 157, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Dagen før fekk politiet melding om ein tilsvarandre bøye på tilsvarande plass, men den var blå.
–Kanskje er det fiskarar eller oppdrettarar som har mista desse. I så fall kan dei ta kontakt.
Husbråk, smell og merkeleg kjøring
Politiet var i går ute på melding om husbråk. Det heile løyste seg på staden og ingen blei tatt med av patruljen.
Så kom melding om smell i Ervikane. Meldar trudde det kunne vera snakk om skyting.
– Patruljen var ute, men fann ikkje noko eller nokon å følgja opp i saka.
Rundt 00.30 i natt kom melding om merkeleg kjøring på Halhjemsvegen retning Halhjem. Politiet på Stord blei varsla.