Humanistisk publikum?
Er du fødd i 1998 og vurderer humanistisk konfirmasjon i 2013? Då kan du kanskje vera publikum i Oseana i mai i år.
Laurdag 12. mai er det humanistisk konfirmasjon i Os med 43 konfirmantar. Seremonien finn stad i Oseana frå klokka 11.
– Vi har nokre ledige plassar i salen 12. mai, så om nokon som fyller 15 neste år vil vera publikum så får dei melda seg hos meg, seier Tore Lyssand frå Midthordland lokallag av Human-Etisk Forbund.
Ungdomane kan også ta med seg foreldre eller anna følgje, om det er plass.
– Men sidan dette er ein festdag for årets kull er det viktig at også publikum er kledd fint, presiserer Lyssand.
Human-Etisk Forbund har i 60 år gjeve ungdom tilbod om humanistisk konfirmasjon. På landsbasis vel rundt 15 prosent av konfirmantane denne versjonen.
Lyssand når du på epost tore.lyssand@gmail.com.