Hummarkonkurranse: Vann teine og trøstepremie
Her er bidraga og vinnarane av hummarfotokonkurransen i haust.
Bildeserie:
Hummarfiskesesongen, som i vårt område varer frå 1. oktober til 30. november, er over. Siste rest av fangsten blei kanskje eten i jula.
Ei knapp veke etter at sesongen starta, la vi saman med Jernia Paul M Sælen i Os ut ein fotokonkurranse der vi lovde premie til den som sendte inn finaste bilde og bilde av største fangst.
Det kom 6 bidrag frå 5 innsendarar.
Mengda innsendte bilde var ikkje så stor, men konkurransen var likevel hard då juryen, med medlem frå Midtsiden-redaksjonen og Jernia-butikken, skulle kåra vinnar av finaste bilde.
Den einaste som sendte mål på hummaren ser òg ut til å ha tatt den største av dei som deltok.
Vinnarane
Største hummar: 48 cm. Innsendar/fiskar: Torstein Wiberg.
Hummaren er fiska på Huglo, der han har fritidsbustad, og blei tatt tidleg i sesongen, allereie 2. oktober. Hummaren var rognhummar og blei, i tråd med regelverket om totalfreding av rognhummar, kasta på sjøen igjen.
Finaste bilde: Pernille Førre Brandt som skal til å kyssa ein hummar.
Pernille var og fiska med pappa Herman då ho fredag 5. oktober fekk hummar. Innsendar: Rannveig Førre Brandt
Trøstepremie: Juryen klarte ikkje å la Isabella Sjaastad Kråkemo stå igjen utan premie. I fotballklede viser ho dagens fangst, ein fangst hunden ser ut til å vera interessert i. Isabella eller mamma/innsendar Elisabeth Sjaastad kan henta seg ein termokopp hos Jernia.
Takk til alle som sendte inn bilde!
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.