Humørswing og heite taktar!

Svingande rytmar og godt humør

Humørswing og heite taktar!
Med Tilslørte Bondepiker og Oldtimers Bigband
 
Vokalgruppa Tilslørte bondepiker og storbandet Oldtimers Bigband inviterer til ein svingande laurdagskveld i Oseana!
Saman med bandet Veggpryd byr vi på smektande storbandlåtar av beste merke, lett krydra med godt humør og heite taktar!
 
Tjue heldige kan sikra seg «Golden Circle suprise»-billettar, ved småbord på scenegolvet. Dei som sit her, kan venta seg ei lita overrasking på kjøpet.
 
Etter konserten blir det åpen bar og DJ Kjetil Osablod Grønvigh sørgar for god stemning utover kvelden.
 
Ord. 250,-
Golden Sircle Surprise 300,-
 
Kven er vi?
Old Timers Big Band er eit fulltalig storband med medlemar frå Os, Bergen og Hardanger. Medlemane har alle lang og solid musikalsk bakgrunn og spelar svingande storbandmusikk av høgste klasse. Faste solistar er Marita Moe Sandven og Jan Haaland.
Tilslørte Bondepiker er ei vokalgruppe som dei siste 5 åra har slått godt an hos publikum med ein eigen mix av underhaldande vokalmusikk og humørfylt bonderomantikk. Denne kvelden er bonderomantikken erstatta med kjende storbandlåtar, glitter og fjør! Dirigent: Kristine Bjånes
Medlemmane i Veggpryd er 4 heilstøypte musikarar med solid erfaring frå ulike musikkmiljø i Os og Bergen. Vi kjenner oss heldige som har fått dei med som gjestar denne kvelden. I bandet speler  Knut Vidar Garlid, piano og kapellmeister, Hallvard Lyssand, trompet, Nils Midtseter, trommer og perkusjon og Arne Hernes, bass.
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement! 

Oseana Kunst & Kultursenter

Lørdag, november 2, 2019 - 19:30