Lokal | 10. sep. 2018

Hunadans i Vognhallen

Laila Moberg inviterer til kurs i den varme enden av den lange hallen.

Hunadans i Vognhallen
Tysdag blir det eit polynesisk avbrekk i kulturstova i Vognhallen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 10. sep. 2018 21:02

Bildeserie:

Dansen går innandørs. (Foto: KOG)
Dansen går innandørs. (Foto: KOG)
– Ja, vi trekk for gardinene, seier Laila. (Foto: KOG)
– Ja, vi trekk for gardinene, seier Laila. (Foto: KOG)
1 av 2
Dansen går innandørs. (Foto: KOG)
– Ja, vi trekk for gardinene, seier Laila. (Foto: KOG)

– Hunadans, sa du?

– Ordet Huna er polynesisk og betyr «ikkje umiddelbar tilgjengeleg veten», eller «hemmeleg kunnskap», fortel kursleiar Laila Moberg.

– Hunadans er ein mjuk helsedans til vakre tonar og rytmar frå Polynesia. Kort forklart er det ein dans med enkle trinn som gjev auka rørsle, glede og balanse, både på det ytre og det indre plan.

Ei stund i lågt tempo

– Dette er eit kurs og ein dans som passar for alle. Alder og form har ingenting å seia, ein startar der ein er, seier Laila.

– Målet med dansen ligg på fleire plan. Vi skal dansa med samspelet mellom kropp og sjel. Det er ikkje ein konkurranse, kvar enkelt jobbar med seg sjølv, og målet er frigjerande glede og innsikt.

På spørsmål på kven som burde dansa hunadans, er Laila oppteke av samfunnet vi i dag lever i.

– Mange av oss lever i høgt tempo, med store forventningar og fokus på å heile tida lukkast. Eg spør ofte «korleis har du det eigentleg i dag?».

– Kor tid sist spurde du deg sjølv dette spørsmålet? Overraskande mange kan ikkje svara godt eller ærleg på det spørsmålet.

Moberg meiner dansen frå Polynesia er ein perfekt inngangsport til å verta betre kjend med deg sjølv, ta ein statusrapport på deg sjølv, og gje deg sjølv eit friminutt i kvardagen.

– Ta med deg dagsforma og kom, oppmodar kursleiaren.

Travel Laila på eigne bein

Etter at Laila Moberg for om lag 3 år sidan «gjekk solo» og starta for seg sjølv, som Koru Helseterapi, har mykje skjedd.

Med base i heimen i Kolabakkane har det vore «eit eventyr».

– Eg tok med meg alle behandlingane frå den førre arbeidsplassen, og i tillegg har eg opna for coaching og hunadans. Eg har mellom anna halde vekeskurs i hunadans i Kroatia, Spania og ulike stadar i Noreg. No ser eg fram til å halda kurs åtte tysdagar utover hausten, seier ei alltid like smilande Laila Moberg.

– Både kvinner og menn er velkomne, og ja, me kjem til å trekka for gardinene i lokalet i Vognhallen!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.