Lokal | 10. okt. 2012

Hund blei henta

• Rottweiler som beit mann er no tatt hand om• Fleire utanlandske stumme seljarar i aksjon i Os• Tjuveri av diesel i Industrivegen

Hund blei henta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. okt. 2012 09:27

Måndag blei ein mann biten i ansiktet av ein hund. Episoden skjedde i Nedre Askvik i 21-22-tida.

Mannen blei tatt hand om av helsevesenet, hunden blei tatt hand om av eigar.

– Vi har no henta hunden og sett den i eit pensjonat. Vidare etterforsking avgjer kva som skjer vidare hunden, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Hunden som i juli i fjor beit og drepte ein mindre hund, også det ein rottweiler, blei etter fleire veker i varetekt avliva.

Skapte seg

På veg frå Askvik fekk politiet eit anna ærend.

– Vi fekk melding om merkeleg åtferd og kom i kontakt med ein som hadde problem med å retta seg etter pålegg om å fjerna seg frå ei adresse.

Mannen var rusa.

Sjekka utanlandske seljarar

Politiet fekk i går melding frå fleire bustadar i Os aust om utanlandske dørseljarar som utgav seg for å vera stumme.

– Vi sjekka dei ut. Dei fleste var polakkar. Dei hadde med seg trefigurar som dei ville selja.

– Vi har ikkje grunnlag for å mistenka desse for å vera i kriminelle ærend, men vi er takksame for at folk melder ifrå så vi får notert peronalia, seier Sperrevik.

Stal fleire hundre liter diesel

Tysdag morgon fekk politiet melding om at det har vore stole rundt 300 liter diesel frå ein eller to lastebilar i Industrivegen.

– Vi har også fått melding om oljesøl ved Valle, noko som kan vera spor etter eit mislykka dieseltjuveri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.