Lokal | 13. juli 2019

Hund påkøyrd på Hatvikvegen fredag

Eigar ønskjer kontakt med bilførar og vitne.

Hund påkøyrd på Hatvikvegen fredag
Denne hunden blei påkøyrd og skadd av ein bil på Hatvikvegen ved golfbanen fredag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. juli 2019 07:28

Fredag litt før klokka 13 blei ein hund påkøyrd og skadd på Hatvikvegen.

Ulykka skjedde nær avkøyrsla til golfbanen.

– Hunden gjekk i band, men det skjedde noko gale med bremsen på snella, så den klarte å koma seg over graset langs gangvegen og ut i bilvegen vegen, fortel eigar, Lise Christine Hordnes.

Bilen klarte ikkje å stoppa, men den stoppa heller ikkje etterpå.

– Den tok på blinklys, og for meg såg det ut som om den skulle svinga inn i Stølsvegen. Men så har truleg førar ombestemt seg og køyrd vidare.

– Sjølv var eg mest opptatt med hunden, å hindra at den ikkje blei påkøyrd av bilane bak. Det har truleg kome ei ferje, for det kom seks bilar etter kvarandre.

Har kontakta politiet

Hunden overlevde, men haltar. Eigar har snakka med veterinær to gongar fredag, og har fått beskjed om å følgja nøye med.

– Det er mogleg at formen blir verre gjennom helga. Hunden virker skremt og vil ikkje gå ut.

Lise Christine har òg kontakta politiet.

– Det er mogleg at bilførar trudde alt gjekk greit, men vi ønskjer kontakt med vedkomande. Bilførarar pliktar å stoppa etter ulykker.

– Vi ønskjer òg kontakt med vitne. Bilane som kom bak må ha sett kva som skjedde, meiner hundeeigar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.