Opne flammar sto ut av huset. (Lesarbilde, foto: Ruben Tveit)

Hus på Midtsæter i full fyr

Fleire lynnedslag: Eit våningshus i Os tok fyr og 1100 blei utan straum på Krokeide.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag i 18.30-tida kom dei mørke skyene, så blei det ein halvtime med store nedbørsmengder og tett med lynnedslag.

I 19-tida kom det melding om røyk frå eit hus i Midtsætervegen.

– Det er eit ubebudd, eldre våningshus, fortel varabrannsjef Arne Monsen til Midtsiden.

Mann til legevakt

Flammane sto ut av bygget då brannvesenet kom fram.

– Røykdykkarar har vore inne på loftet og sløkt brannen, som var på loftet. No skal vi opp med stige for å sjekka utsida av taket.

Ein mann i 70-åra, som bur i nabohuset, hadde pusta inn noko røyk og blei tatt til legevakt for sjekk.

Ingen straumbrot i Os, men eit stort i Fana

Brannen starta på loftet i huset, der det òg er eit sikringsskap.

Årsaka er uviss, og opp til politiet å etterforska, men det var fleire lynnedslag i området då brannen braut ut.

Lynnedlag i bustad i Varåsen (17. august 2018)

Ifølgje BKK sitt kart med oversikt over straumbrot er det ingen større straumbrot i Os, men frå Korsneset og inn forbi Krokeide var det over 1100 abonnentar utan straum. I skrivande stund er dette redusert til rett under 800.

Fleire saker