Lokal | 24. mai 2010

Husa havaristar

Då det byrja å brenna om bord i cruiseskipet «Deutschland», som låg til kai i Eidfjord, fekk hotellsjefen frå Os brått 600 gjestar å ta hand om.

Husa havaristar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. mai 2010 13:12

Sundag formiddag byrja det å brenna om bord i cruiseskipet «Deutschland», som då låg til kai i Eidfjord. Brannen blei meldt klokka 12.30, klokka 17 blei brannen, som starta i maskinrommet, meldt sløkt.

Ingen blei alvorleg skadd i brannen, men fleire trengte både mat og overnatting, noko som gjorde at ein hotellsjef frå Os fekk det ekstra travelt.

Mange kokkar, lite søl
Wenche Orrebakken har saman med ektemannen Arnvid Johansen stått som hotellsjef på Quality Hotel & Resort Vøringfoss i drygt to år. Sundag tok dei imot 365 passasjerar og eit mannskap på over 200 i restauranten på hotellet.

- Vi kalte inn det vi fekk tak i av arbeidskraft, i tillegg kom fleire av mannskapet på båten til for å hjelpa. På det meste hadde vi 29 kokkar i sving på kjøkkenet, fortel Orrebakken.

Fylte hotellet
Natta i forvegen var Quality Hotel & Resort Vøringfoss fullbooka. Gjestane på hotellet hadde nettopp sjekka ut då hotellet brått blei fylt på ny.

- Vi har 81 rom, 74 av desse var ledige. Kriseteamet til Eidfjord kommune hjelpte blant anna til med å skaffa rom til passasjerane på ulike hotell i nærleiken.

Havaristane fekk både lunsj og middag før nokre av dei blei transport vidare for overnatting på andre hotell.

- Fantastiske gjestar
Både mannskapet på rundt 200 og dei tyske turistane som blei gjest på hotellet til Wenche får skryt av vertskapet.

- Alt fungerte utruleg fint, og passasjerane var veldig tålmodige og i godt humør, fortel ho.

- Og kven betaler rekninga?

- Eg har ingen aning, seier Wenche Orrebakken og ler.

Skipet blir no taua til Bergen. Fleire av passasjerane er frakta til Oslo og Gardermoen med buss for retur til heimelandet med fly.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.