Lokal | 16. juni 2012

Husbråk og promillekjøring

• Mann i 30-åra tatt med promille på Halhjem• Mann i arresten etter husbråk • Slåssing i sentrum

Husbråk og promillekjøring
Politiet stoppa fyllekjørar på Halhjem fredag i 13-tida. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 16. juni 2012 10:01

Fredag på dagtid, i 13-tida, blei ein bil som kjørte av ei av ferjene på Halhjem stoppa av politiet.

– Det var to personar i bilen. Førar var mistenkt for promille og blei tatt med for blodprøvetaking, fortel politibetjent Kjartan Snorrason.

Bilføraren er ikkje frå Os.

Husbråk og slåssing

Klokka 00.30 var politiet i Lysefjorden etter klage på høg musikk.

Natt til laurdag fekk politiet også melding om husbråk i ein leilegheit i Os sentrum.

Ein mann som var rusa og utagerande blei kjørt til Bergen for overnatting i arresten.

I 4-tida fekk politiet melding om slåssing på drosjehaldeplassen, men patruljen hadde ikkje kome opp igjen frå Bergen.

Bot grunna manglane baklys

Politiet hadde fleire trafikkontrollar i går.

på Strønevegen i Askvik stoppa dei 22 bilar og sjekka dokument. Der var alt i orden.

På Lepsøyvegen i 23.30-tida var fartskontroll. Éin førar fekk forelegg.

Vedkomande kjørte i 75 km/t i 50-sona, altså 1 ifrå å bli fotgjengar og fort nok til å få forelegg på 6500 kroner.

I 1-tida blei ein bil på Søfteland stoppa. Førar fekk forelegg grunna manglande lys bak på bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.