Lokal | 31. mai 2018

Husbrann i Hegglandsdalen

Nødetatane rykte ut på melding om husbrann i Hegglandsdalen torsdag ettermiddag.

Husbrann i Hegglandsdalen
Det brenn på loftet i einebustaden i Hegglandsdalen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 31. mai 2018 11:35

Bildeserie:

Brannvesenet er på staden med fire store bilar (foto: KVB)
Brannvesenet er på staden med fire store bilar (foto: KVB)
Brannvesenet sløkker både fra bakken og lufta (foto: KVB)
Brannvesenet sløkker både fra bakken og lufta (foto: KVB)
1 av 2
Brannvesenet er på staden med fire store bilar (foto: KVB)
Brannvesenet sløkker både fra bakken og lufta (foto: KVB)

Klokka 13.25 meldte Vest Politidistrikt om ein bustadbrann i Hegglandsdalen.

– Det er ikkje meldt om personskade, heiter det i meldinga.

• Sjå bildeserie frå brannen og sløkkearbeidet

Ifølgje brannvesenet skal den mannen som bur i huset ha kome seg ut.

– Det brenn på loftet i einebustaden. Vi har sendt to brannbilar frå Fana brannstasjon og to frå Os til staden, opplyser vaktkommandør Sigbjørn Villanger på 110-sentralen til BT.

Blei møtt av svart røyk

Innsatsleiar Ole Marius Røttingen frå politiet fortel at ein mann og ei dame sat i hagen då dei høyrde knitring i huset.

– Mannen gjekk inn og blei møtt av ein vegg med svart røyk. Han kom seg ut igjen og varsla brannvesenet, seier Røttingen.

Huseigar er tatt til legevakt for sjekk.

Frykta spreiing til skogen

Varabrannsjef Arne Monsen fortel at første eining frå brannvesenet som kom fram varsla om fare for spreiing til skogen.

– Vi rekvirerte ein tankbil frå Fana, i tillegg til vår eigen, og rykte i tillegg ut med kranbil og to mannskapsbilar.

– Vi starta på baksida av huset for å redusera faren for at brannen skulle spre seg til skogen. Hadde den kome gjennom taket på bustaden så kunne det fort skjedd.

Fire røykdykkarar sto raskt klare, to av dei blei sendt inn i huset.

– Brannen spreidde seg frå 2. etasje til blindloft, og tok noko tid å få kontroll på, men rundt klokka 14 var brannen slått ned, og brannvesenet heldt fram med ettersløkking.

Vegen opna kl 14.10

Hegglandsdalsvegen var stengd i begge retningar mens sløkkinga pågjekk.

Klokka 14.10 opna det for trafikk, men først med dirigering forbi staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.