Husbrann på Haugland
Eit hus på Reset på Haugland blei totalskadd i brann i natt. Eigaren måtte hoppa ut eit vindauge for å berga livet.
- Meldinga om brannen kom klokka 03.29 i natt.
Det var éin person i huset då det byrja å brenna, vedkomande vakna av røyvarslar og måtte klatra ut eit vindauge for å koma seg ut av huset, seier lensmann Rasmus Dalen til Midtsiden.no. Brannvesenet var raskt på plass, men allereie då dei kom fram var huset overtent.
- Huset hadde byrja å rasa saman, så vi kunne ikkje ta oss inn i bustaden for å sløkja. Derfor blei det ein tidkrevjande jobb, seier Gunnar Hatlelid frå Os brannvesen.
Det spruta gnistar på nabohuset, så brannvesenet måtte dusja det òg for å unngå at brannen spreidde seg. Ein bil som sto parkert nær huset sto også i brann.
- Vi sløkte brannen i bilen, men den tok fyr igjen med ein gong. Men då vi fekk vinsja den vekk frå huset kom det seg. Naboar var heldigvis raske med å dra vekk båten som sto i hagen, den trur eg blei redda, seier Hatlelid.