Kultur | 17. juni 2011

Husets eigne

Forsøk på ei vinmelding: Oseana har fått sin eigen husvin i både raudt og kvitt.

Husets eigne
Andris Hamrefredag 17. juni 2011 14:00

Med spesialdesigna etikett utforma av kunstnar Vidar Bratlund Mæland og Bjørn Stian Bjoarvik hos Picapoint er dei raude og kvite dråpene importert frå det italienske vinhuset Zaccagnini spesielt for Oseana og restaurant Færingen.

Vinen er som Oseana eit kunstverk. Varemerket til Zaccagnini er den lille handknytta pinnen rundt halsen på flaskene levert av kvinner frå den italienske landsbyen Bolognano.

Midtsiden fekk, med utsikt over Bjørnefjorden ein overskya ettermiddag, ein liten prøvesmak på husets eigne vinar.

Den raude

Er ein Montepulciano d'Abruzzo 2009 som i følge vinmonopolets lister skal passe til storfe, lam, sau og storvilt.

Vinen har ein djup raud farge og ein fruktig frisk smak der Bjørnefjorden speglar seg i glasset.

Han er etter vår smak. Relativt lett, men ikkje for lett, og er med sitt preg eit godt følgje til mange rettar.

Den kvite

Er ein Zaccagnini Il Blanco di Ciccio 2010. Vinen består av 80% Trebbiano d' Abruzzo og 20% Chardonnay, noko som sikrar ein fruktig og smaksrik oppleving.

Eit glas av denne på terrassen framfor Oseana fulgt av ein sjømat-tallerken, eller berre som aperitiff er noko vi godt kan tenke oss i løpet av sommaren.

Smakeleg måltid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.