I dag er det nasjonal varslingsprøve
Nødvarsel på mobil og tyfonar vert testa.
Onsdag 8. januar klokka 12.00 blir nasjonal varslingsprøve gjennomført.
Politiet sender ut test av Nødvarsel på mobil medan Sivilforsvaret testar varslingsanlegga med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Dette skjer over heile landet.
Dette må du vite:
- Mobiltelefonane vil vibrera og spela av eit høgt lydsignal.
- Tyfonane til Sivilforsvaret vil ula samtidig.
Dette er berre ein test. Du treng ikkje å gjera noko.
Kvifor testar vi nødvarsling?
Testar vert gjort for å sikre at naudsystema fungerer når det verkeleg trengst. Alvorlege hendingar kan oppstå brått, og då er det viktig å kunne varsle raskt og effektivt.
Vanlegvis blir systema testa to gongar i året.
Neste test kan du sjå på www.nødvarsel.no.
Får du ikkje varsel på mobil?
Men det er ikkje alle får varsel på mobil.
Testen går ut til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar i Norge, og som er kopla på 4G/5G. Nokre nettbrett og smartklokker vil òg visa nødvarslar.
Ved varslingsprøven i juni 2023 fekk 78 prosent av befolkningen nødvarsel på mobil.
– Mange av dei som ikkje fekk nødvarsel sist hadde ikkje oppdaterte telefonar, uttaler Elisabeth Aarsæther, direktør i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i ei pressemelding i fjor.
– Vi minnar derfor spesielt om at for å kunna motta nødvarsel på rett måte, så må du ha ein nyleg oppdatert mobiltelefon.