I dag får bølgedemparane køyrd seg
Bildeserie: Sånn ser Os hamn ut i liten kuling frå sør-søraust.
Bildeserie:
For minst tredje gong etter at dei siste tre av fire bølgedemparar i romjula kom på plass, får skjerminga av Os hamn testa seg i litt motstand.
I dag bles det liten kuling frå sør-søraust, ei retning som tidlegare fekk det til å skvetta godt både i Os hamn og i båthamna innanfor nyemoloen på Mobergsneset.
Dette er ein styrke og ein periode på året der det ikkje er ambisjonar om at hamna skal vera fullgodt skjerma.
Bølgetoppane ser ut til å bli effektivt stoppa og båtane vuggar roleg i marinaen ved Os Sjøfront, men det rullar nokre gode dønningar inn mot gamlemoloen ved Os næringskai.
• Video: Fungerer bølgedemparane? (februar 2019)
• Svar: Har bygd seg opp over tid
Melder strålande vêr onsdag og torsdag
Vinden skal løya i løpet av ettermiddag, ned i 5 meter per sekund frå 18-tida av.
Onsdag er det meldt skyfri himmel og 3-4 m/s.
Også torsdag er det meldt lettskya og opphaldsvêr, men frå fredag og gjennom helga er det venta regn.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.