I dag får du svaret
9944 osingar fekk igjen på skatten i 2012. I dag kan alle sjekka den elektroniske sjølvmeldinga for 2013.
Onsdag 19. mars fekk dei 3 273 osingane som har registrert seg som e-brukarar hos skatteetaten tilgang på sjølvmeldinga for 2013. I dag får resten av skatteyterane i Os også tilgang. Utsending av sjølvmelding på papir startar også i dag.
- Sjekk alle opplysningane dine nøye, at dei er korrekte og fullstendige slik at du ikkje betalar for mykje skatt.
– Det er ikkje alle frådrag som er førehandsutfylte, så legg til eventuelle frådrag du har rett på, oppmodar rettleiingsdirektør i Skatt vest, Trude Husevåg.
Skatteetaten lanserer i år pendlervegvisar og reisefrådragskalkulator som skal gjere det enkelt å finne kva frådrag du har rett på.
Fekk 125,7 mill tilbake
I 2012 fekk 9 944 osingar tilbake på skatten. Totalt hadde osingane tilgode 125,7 millionar kroner, noko som gjev eit snitt på 12 645,- per person.
Til samanlikning fekk dei som fekk baksmell i snitt 20 062,-. Totalt var det i 2012 betalt 50 millionar for lite i skatt, fordelt på 2494 skatteytarar.
Inga ending – inga levering
Viss du ikkje har endringar treng du ikkje å levere sjølvmeldinga. Om du derimot har endringar, oppmodar Skatteetaten deg å levere elektronisk på www.skatteetaten.no. Der ligg det òg nyttig informasjon og rettleiingsvideoar som kan hjelpa deg med å kontrollera sjølvmeldinga.
Dei som leverer på papir vil tidlegast få skatteoppgjeret i august. Dei som leverer elektronisk kan få skatteoppgjeret frå i slutten av juni.
For lønstakarar og pensjonistar er fristen for å levera sjølvmeldinga 30. april. Næringsdrivande har frist til 31. mai.