Sport | 05. juni 2017

I dag kjem 100 «amerikanarar» til Kolskogen

Det skal kårast vinnarar i fleire kategoriar, av publikum, når 80-110 amerikanske bilar samlast på det årlege Os-treffet.

I dag kjem 100 «amerikanarar» til Kolskogen
Frå Os-treffet 2015. I dag er det venta 80 til 110 amerikanske bilar til parkeringsplassane til Os vgs. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 05. juni 2017 08:27

Os Amcar club arrangerer sitt årlege Os-treffet på Os vgs i dag, andre pinsedag.

• Sjå bildeserie og video frå Os-treffet 2016

– Vi har både hoppeslott og gratis inngang, og vi treng hjelp av publikum, fortel styremedlem Dag Andersen.

Det skal kårast vinnarar i minst tre kategoriar blant bilane som står utstilte.

Vaffelsteikinga og oppstillinga av bilane byrjar på morgonen, klokka 11 opnar treffet for publikum.

– Vi har bilane utstilte til klokka 15 for alle som vil koma å sjå og stemma, seier Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.