I dag kjem Haddy
Måndag kjem Haddy N'jie og TV-teamet for å spela inn klipp til årets TV-aksjon. – Vi treng deg som publikumar eller kunde, seier Tove Hille.
I byrjinga av september blei det kjent at programleiar for TV-aksjonen Haddy N'jie hadde vald seg Os som si kommune under årets aksjon. Årets TV-aksjon på NRK går til Kirkens Nødhjelp og temaet er «Vann forandarar alt».
– I dag, måndag 6. oktober kjem Haddy og kamera-crew til Os for å filma til sjølve programmet den 19. oktober.
– Difor treng vi hjelp av osingane til å stille opp på dei tre arrangementa som er i dag, fortel Tove Hille i aksjonskomiteen.
Ved for vatn
Første stopp i Os er i Lysefjorden kor elevar og tilsette frå Lysekloster barneskule skal hente ved dei har hugga sjølv på Lysøen og selja den på kaien ved Buena.
– Vi treng både kundar og publikum på kaien. Vedsekkane sel dei for 100 kroner stykket. Det er berre å møta opp klokka 10.30 og sikra seg ein sekk.
– Stille opp kan ein òg gjera klokka 11.30 i eldresenteret, kor pensjonistforeninga har kafé og underhaldning til TV-aksjonen, fortel Hille.
Ror for vatn til konsert
Vitjinga av NRK-teamet avsluttast i Oseana klokka 15.
– Der skal dei filma ein snutt med mellomanna Hans Marius Johnsen, Gina Aspenes og Fonos. I tillegg blir elevar frå Os kulturskule med.
– Oselvarlaget ror til konserten for reint vatn og inspirerer med symbola frå åra som lagar ringar i vatn.
– Det er berre å stilla opp som publikummar på Oseana òg, seier Hille.
Vil ha ditt bilete
Haddy treng ikkje berre hjelp i dag, måndag.
– Eg vil at heile landet skal få sjå at du engasjerar deg i årets mål om å skaffa varig tilgang til reint vatn for 1 million menneskje.
– Gjer du noko for TV-aksjonen, kjenner du nokon som gjer noko eller har du tankar om vatn, fattigdom og rettferd?
– Då kan du bli min instragram-reporter. Ta eit bilete, bruk instragram, skriv kor i Os du er og merk det med emneknaggen, #nrktvaksjonen, og publiser det, seier Haddy N'jie.