I dag kjem Statsraaden
Os kommune bygger 90 meter med tak som «venterom» i dag og til bryggefesten laurdag.
Måndag i 10-tida legg Statsraad Lehmkuhl frå kai i Bergen, i 13-14-tida legg den 100 år gamle 98 meter lange (med baugspyd) skuta til kai på Os Sjøfront-brygga.
– Kultursjef Lisbeth Axelsen har hyra inn nokre italienske musikantar som skal spela når Statsraaden legg til land, i tillegg kjem blant andre ein del elevar frå Os ungdomsskule ned på brygga for å ta imot dei fine gjestane, seier Tor Inge Døsen i Os kommune.
Det blir open båt med fri entré fram til rundt klokka 17. Klokka 17.30 skal eit meir eller mindre utselt cruise på fjorden på seglas med rekebord og musikk fram til klokka 21.
Tysdag i 10-tida reiser Statsraaden tilbake til Bergen.
90 meter med tak
I helga har det reist seg eit solid telt over Sjøfront-brygga.
– Er dette eit venterom for dei som skal med Statsraaden?
– Ja, det òg. No får vi fint besøk i dag og så skal vi ha bryggedans på laurdag. Eg vil ikkje risikera at regn skal øydelegga festen, så eg bestilte nokre meter med tak som er lett å setja opp.
– Dette taket er lett å ta ned og opp igjen, så det kan brukast ulike plassar, og på brygga igjen når vi skal ha ny fest neste år. Det einaste vi manglar no er ein plass å lagra modulane, men det finn vi nok ut av.
Rundt 500 er klar for bryggedans
– Os Asvo har produsert modulane medan eg har organisert montering. No står det eit telt på 32 meter på brygga, men vi skal opp med to til, så er vi oppe i rundt 90 meter før vi gir oss. Då kan vi dekka til 300 under tak på same tid.
Det skal vera selt nærmare 500 billettar til bryggedansen laurdag, der ORBO, Gina Aspenes og Leif Østrem skal stå for musikken.