Lokal | 10. mars 2020

I dag starta byggearbeidet opp igjen

Borgafjell barneskule: Desse tiltaka gjorde at kommunen oppheva byggestoppet.

I dag starta byggearbeidet opp igjen
I dag starta anleggsarbeidet på skuletomta opp igjen. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. mars 2020 10:25

I 12-tida onsdag i førre veke blei Hent AS ilagt krav om byggestopp med umiddelbar verknad. Selskapet bygger Borgafjell barneskule, som skal stå klar til skulestart i august 2021.

Årsaka var urovekkande resultat på enkelte verdiar i vassprøvane av overvatnet frå anleggsområdet, og totalbilde av tilbakemeldingar frå publikum og fiskarar om misfarging av bekk og elv.

Entreprenør har frå start kjempa mot store nedbørsmengder, som har skapt meir overvatn enn normalt, og det er særleg partikkelmengdene kommunen har reagert på.

– Hent har utbetra tiltaka omtrent frå start, og allereie fredag fann ekstern aktør planen og tiltaka deira som god nok, og krav om byggestopp blei oppheva, seier kommunen sin prosjektleiar, Ole-Håkon Sælen.

Hent ønskte ikkje å kommentera byggestoppet då vi omtalte det på fredag. Dei ville først avklara forholda med grunneigar og byggherre, Bjørnafjorden kommune.

Arbeidet er godt i gang: Det er fylt masser også lengre inne på tomta, der skulen skal stå. (Foto: ØH)
Arbeidet er godt i gang: Det er fylt masser også lengre inne på tomta, der skulen skal stå. (Foto: ØH)

Kontinuerleg overvaking av vatnet

Ved sidan av utbetra og utvida sedimenteringsbasseng, skal Hent no ha lagt ut rister i vegen for å hindra tungtransporten å dra med seg for mykje partiklar ut til avrenning i bekk og elv.

– Det er dessutan sett ut kontinuerleg overvaking av overvatnet, noko som gjer at det blir tatt vassprøvar kvart femte minutt, fortel Sælen.

Systemet er inkludert varsling, i tilfelle store nedbørsmengder utanom arbeidstid fører til endra verdiar på overvatnet.

– Kan 3,5 dagar utan aktivitet bli eit stridstema mellom entreprenør og kommune?

– Vi har fått signal om at dei vil be om utsett frist for overlevering. Det kan bli noko diskusjon i etterkant av dette, men det er for tidleg å seia kva det endar i, fortel Sælen.

Det blir no tatt prøvar av overvatnet kvart femte minutt. (Foto: ØH)
Det blir no tatt prøvar av overvatnet kvart femte minutt. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.