– I dag var vi skikkeleg gode
Lysekoster vann fortjent 2-0 mot Varegg torsdag. Sjølv med ein mann mindre i 35 minutt.
Det var venta å bli ein vanskeleg heimekamp for Lysekloster då dei tok imot formlaget Varegg heime på Edne torsdag ettermiddag. I ettertid såg det ut som Lysekloster var formlaget av dei to.
– Dette var jæ..... deilig.
– I dag var vi skikkelig gode. Faktisk var det berre eit lag på banen i store deler av kampen, jublar trener Torbjørn Birkelund rett etter kampslutt.
Snakka på seg raudt
Lysekloster tok føringa i kampen og hadde fleire gode sjanser, mellomanna med Preben Borgen og kombinasjonen Lars Henrik Skage/Preben Skorpen. Etter 25 minutt trør Tore Valvik for hardt til i ei takling og får gult kort. Valvik er ikkje einig med dommaren og snakkar på seg eitt til og må med det gå i garderoben med raudt kort.
– Kva tenkjer då då Valvik snakkar på seg utvisninga?
– Eg blir sjølvsagt forbanna. Det er unødvendig.
– Vi har ein backup-plan å henta fram om vi blir redusert til ti mann, men i dag trengde vi ikkje bruke den.
– Vi hadde så god kontroll på kampen, sjølv med ti mann, så det var berre å halde fram i same sporet.
– I pausen er gutene klare på at vi ikkje skal legga oss bakpå, men helde fram med å vera offensive, fortel Birkelund.
To x Kleivedalen
Den offensive haldninga betaler seg. Etter 14 minutt fossar Lars Henrik Skage fram på høgre sida. Varegg-backen pressar det han kan, men har problem med å holde følgje med lynvingen, noko som resulterer i felling innanfor 16 meteren, gult kort og straffe til Lysekloster.
Straffa set Kim Kleivedalen sikkert i mål.
Berre minutter seinare er Johannes Jordal på ferde på motsatt side. Han løftar ballen pent mot bakre stolpe kor Kleivedalen igjen er frampå. Denne gong med pannebrasken og 2-0.
I mellomtida har Tomas Ulvestad Vacas på Varegg rekt å få sitt andre gule kort for kvelden og dermed ein rask tur i dusjen.
Ikkje med vilje
Lysekloster held trøkket den første stunda etter dei to skåringane, men slepp etterkvart Varegg meir og meir inn i kampen, uten at gjestene kjem til sjanser å snakka opp.
– Det var ikkje taktikken å legga seg bakpå. Det er ei avgjer gutane ute på bana tek undervegs.
– Kanskje byrja dei å kjenne tempoet.
– Vi har trent mykje på å ligga kompakt i boksen og det ser du vi lykkast med på sluten.
– No har vi tatt poeng i alle tre kampane. I dei to første var vi ikkje nøgd med eige spel. I dag er vi det. No er vi på veg, avsluttar Torbjørn Birkeland.
Lysekloster - Varegg 2-0 (0-0)
Raude kort: Tore Valvik (Lysekloster), Thomas Ulvestad Vacas (Varegg)
Gult kort: Svein Erik Bjordal (Varegg)
Lysekoster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Baste Jonassen, Preben Skorpen, Knut Eriksen Eide, Aleksander Andersen, Simen Birkelund, Johannes Jordal, Lars Henrik Skage (Sindre Jacob Råheim, 89 min), Preben Borgen (Joakim Hjelmeland, 75 min), Tore Valvik, Kim Kleivedalen (Ramo Racic, 81 min).
Lysekloster ligg med sigeren på tabelltoppen med sju poeng, det same som Sotra, men med ein kamp meir spelt enn laga på fire poeng.