Brann og beredskap | 19. mai 2022
I dag vil det koma røyk frå Kysthospitalet
Brannvesen, politi og ambulanse skal øva saman med tilsette på Kysthospitalet.

Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. mai 2022 05:49
Brannvesenet varslar om komande storutrykking til Kysthospitalet i Hagavik.
– Vi skal øva på brann og evakuering. Øvinga skjer saman med politiet, ambulansepersonell og tilsette ved sjukehuset, seier varabrannsjef Erik Walden.
Øvinga blir frå klokka 12 til 15.
Det blir også brukt både markørar og «teater-røyk».
– Vi skal også bruka noko røyk, og ønskjer å informera publikum på førehand, så vi unngår at folk melder om brann frå avstand.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.