Sport | 10. jan. 2011

I flokk i snøfokket

SJÅ VIDEO: Tett snødrev gav godt føre og såg ikkje ut til å hindra mange i å delta på skimesse i Voss Fjellandsby.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. jan. 2011 12:30

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

I helga gjekk årets MX Sport Skimesse av stabelen i Voss Fjellandsby. I 2008 var det djup puddersnø og sol, i 2009 regna det om sundagen og i fjor var det kaldt, likevel har messa kvart år vore folksam.

- I år hadde vi mykje laussnø, men det snødde mykje og bles ein del, særleg sundagen. Likevel er nok dette den beste messa vi har hatt, både i oppmøte og organisering, seier Jill Garden frå Voss Fjellandsby Skiskule.

879 hadde meldt seg på gratis skiskule, rekordmange møtte opp. I tillegg blei det tatt inn nokre som kom utan å vera førehandspåmeldt.

- Nytt i år var eige kurs i frikjøring for ungar. Både frikjøring og snowboard var populært, men det som auka mest var kurs i carving for vaksne nybyrjarar.

Voss Fjellandsby tok imot messedeltakarane med nytt barneområde, som opna i desember 2010. MX Sport og leverandørane stilte opp med telt for lån av demoski, for test før eventuelt kjøp, og messetelt med sal av ski, klede og utstyr.

- Eg har sikkert selt 20 sett med ski, mange av dei har vore reine pudderplankar, sa butikksjef på MX Sport Os midt på dagen laurdag.

VIDEO: Sjå klipp frå fleire av kursa,livet på messeområdet og gjengen frå Elixia som visste akkurat korleis dei skulle halda varmen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.