I full jobb for fjordkryssing
Regionvegsjef Helge Eidsvik fortel om den vidare prosessen med E39 Aksdal-Bergen og bru over Bjørnafjorden.
Etter regjeringsvedtaket 20. desember 2013 har Statens vegvesen fått i oppdrag å jobba vidare med vurdering av alternative brutypar og lokale traséval innanfor K4C, med bru frå Stord til Tysnes og bru frå Reksteren til Os.
– Målet staten har sett seg er ferjefri kyststamveg frå Kristiansand til Trondheim i løpet av 20 år. Spørsmålet er, kan vi klara det? sa regionvegsjef Helge Eidsnes då Statens vegvesen onsdag hadde pressemøte på Spelhaugen.
– Svaret er ja. Viss avgjerder blir fatta raskt og det blir sett inn nok ressursar. Vi veit at det er stor vilje til å få dette til, og at betre veg mellom spesielt Stavanger og Bergen gjev stor gevinst både for private og for gods og næring.
I bru-møte i dag
Eidsnes fortel at vegvesenet allereie er i gang med arbeidet med å vurdera ulike trasear med omsyn på teknologi og økonomi.
– Torsdag skal eg i eit internmøte der vi skal sjå nærmare på dei ulike bru-alternativa.
– Hengebru over Bjørnafjorden blir nok neppe aktuelt, den vil eg tru blir for høg. Men det er fleire andre alternativ å velja mellom.
– Det har vore illustrert bru med jernbane, med hurtigtog mellom Bergen og Stavanger. Blir det vurdert eller tatt høgde for utviding, at brua også kan romma jernbane?
– Nei. Det ligg ikkje i bestillinga, det er kun snakk om veg.
Seglehøgde på 55 meter
– Kva kriterier ligg til grunn for seglehøgde, kor høge båtar eller plattformer skal kunna segla inn Bjørnafjorden?
– Dette er Kystverket sitt bord, men om ikkje eg hugsar feil så er Langenuen hovudfarled og brua mellom Stord og Tysnes får ei seglehøgde på 72 meter.
– Brua over Bjørnafjorden meiner eg skal ha seglehøgde på 55 meter.
Til samanlikning har Sotrabrua ei seglehøgde på 50 meter, Askøybrua på 63 meter. VG hadde i fjor ein artikkel om at dei største cruiseskipa, som er 63,4 meter høge, ikkje kjem seg inn til Bergen.
Heller ikkje plattformer, som sommargjesten i 2009, den 120 meter høge flyteriggen Deepsea Atlantic, vil kunna koma seg inn under ei ny bru over Bjørnafjorden.
Med mindre brua blir lagt i tunnell under havskorpa, som også er eit alternativ.
Statleg plan
At den vidare prosessen går etter avgjerd om statleg plan meiner Eidsnes er heilt naturleg, og ufarleg.
– Berre mellom Aksdal og Bergen skal ny E39 innom 7 kommunar. Då er det naturleg at staten tar avgjerdene.
– Men kommunar, fylke og like mange faginstansar er involvert i planarbeidet og som viktige høyringsinstansar.
– God dialog med Forsvaret
Planlegginga av E39 Aksdal-Bergen følgjer plan- og bygningslova og vegvesenet skal no laga ei konsekvensutgreiing (KU), der dei vurderer konsekvensar for blant anna nærmiljø, friluftsliv og landskapsbilde ved dei komande alternativa til ilandføring og lokale trasear.
– Denne vil vi forma gjennom ein brei og god planprosess med grunneigarar, kommunar, fagetatar og interessegrupper, seier vegsjefen for Region vest.
– Forsvaret er også ein part, ein part som tidlegare har ytra skepsis til fjordkryssing. Korleis er dialogen mellom vegvesenet og Forsvaret?
– Bjørnafjorden er eit av få gode øvingsområde, og veldig viktig for Forsvaret. Men dialogen er tett og veldig god, seier Eidsnes.
Kvar kjem brua frå Fusa?
På spørsmål frå Midtsiden om korleis vegvesenet ser på trafikken mellom Fusa og Os, og landingspunkt for eventuell bru der Fusa blir kopla på E39 via Os, svarer Eidsnes at dette ikkje ligg i bestillinga.
– Det er laga skisser for korleis Fusa kan bli koplast på ny E39. Det kan koma seinare, men er ikkje med i planane vi no jobbar med.
På møtet i går viste vegvesenet både generell statistikk og satsing på trafikktryggleik, kollektivtrafikk og gang- og sykkelvegar, og liste over komande vegprosjekt på fylkes- og riksvegar i Hordaland i 2014.
Midtsiden spurde om korleis vegvesenet såg på trafikken frå ferjekaien på Hatvik gjennom Os sentrum, og den komande store utbygginga på Bjånes, der det med tida vil koma over 1000 nye hus.
Heller ikkje dette såg ut til å vera eit område vegvesenet førebels har noko fokus på.