Lokal | 21. mars 2010

I fylla utan lappen

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 21. mars 2010 21:50

Sundag klokka 16.30 fekk politiet melding om mistanke om kjøring i rusa tilstand. Bilen skal då ha stått nær Mobergsvikjo.

- Vi sjekka ut registreringsnummeret og oppdaga då at bilen skulle vore avskilta, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Svein Lyssand.

Ein patrulje frå Fana blei sendt til Os, og denne møtte ein gjeng ungdomar som kom kjørande i den same bilen.

- Føraren er mistenkt for å ha kjørt i påverka tilstand. Vedkomande hadde dessutan ikkje førarkort, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.