Lokal | 21. nov. 2009

I fyllearresten

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. nov. 2009 07:34

I 23.30-tida fredag kveld måtte politiet assistera vaktane ved Bar2Be.

- Det hadde vore noko krangling, og mannen var svært vanskeleg, seier operasjonsleiar Ragnar Lyssand i Hordaland politidistrikt.

Også ein patrulje frå Fana kom til.

- Det er mogleg at situasjonen var uoversikteleg, men det treng ikkje bety noko at det var to bilar på staden. Det hender at Fana, om dei er nær kommunegrensa og høyrer om bråk over sambandet, tar turen for å hjelpa til, seier Lyssand.

Gjesten, ein mann i slutten av 20-åra, var full og til sjenanse for andre som var ute på Os i går, så han blei tatt med til overnatting i arresten i Bergen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.