Kultur | 04. feb. 2017

I gang med maratonlesinga

Skal lesa boka «En mann med navn Ove» samanhengande på Oseana. – Vi har 30 opplesarar, men framleis plass til fleire, seier Janne Mari Hjelle.

I gang med maratonlesinga
Kultursjef Lisbeth Axelsen fekk æra av å lesa det første kapittelet i lesestafetten (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 04. feb. 2017 10:36

Klokka 10 starta kultursjef Lisbeth Axelsen på første kapittel i lesestafetten, kor målet er å lesa seg gjennom boka «En mann med navn Ove».

– Grunnen til vi gjer dette er at Riksteateret kjem med framsyninga av same namn til veka. Ideen har vi henta frå Kimen kulturhus i Stjørdal som gjorde tilsvarande i fjor då med «Min Kamp», fortel Janne Mari Hjelle.

Har plass til fleire

30 opplesarar har meldt seg, men framleis har dei plass til fleire.

– Kvar får eitt kapittel å lesa. Boka har 39 kapitler, så framleis manglar vi ni. Er det nokon som har lyst å bidra, så er det berre å komma nedenom for å melda seg. Vi har dekka opp fram til klokka 17, så det blir eventuelt etter det vi treng folk.

– Om ein ikkje har lyst til å lesa, så kan ein likevel komma innom for å høyre eit kapittel eller to. Det kjem folk heilt frå Bergen for å vera med å lesa og klokka 15 får vi ordførar Marie Bruarøy i lesestolen vi har fått låna frå Sælen møbler, reklamerer Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.