Lokal | 26. aug. 2009

I grøfta på Moberg

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. aug. 2009 08:35

Tysdag i 14.30-tida hamna ein bil utfor vegen på Moberg.

- Bilen var på veg ned til Halhjemsvegen retning sør då uhellet skjedde, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

I den krappe svingen etter brua hamna bilen utfor og over på sida før den velta ned igjen på alle fire hjula. Ingen blei skadd og bilen sperra heller ikkje for annan trafikk etter utforkjøringa.

- Politiet kjem ikkje til å oppretta sak på dette, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.