Lokal | 28. juli 2011

I grøfta på Ulven

Ein BMW hamna i fjellveggen og så i grøfta. Føraren er skadd.

I grøfta på Ulven
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. juli 2011 23:26

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 4

Rundt klokka 22.20 hamna ein bil i grøfta på Ulvensletta. Både ambulanse, politi og brannvesen rykte ut til staden.

– Førren var åleine i bilen. Han er bevisst, men skadd, opplyser politibetjent Caroline Brudvik.

Det er uvisst kva type skade mannen har, men skal ifølgje politiet blant anna ha fått eit kutt i panna.

Bilen, ein BMW, har vore borti fjellveggen ved Roll Royce før den hamna i grøfta på motsett side av vegen.

Ulvensletta var stengt for trafikk medan redningsarbeidet heldt på, og var framleis stengt då Midtsiden kjørte frå staden, rundt klokka 22.50.

Oppdatert:

– Mannen blei frakta til sjukehus i ambulanse. Det er tatt beslag i førarkortet hans, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Asbjørn Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.