Sport | 22. okt. 2009

I hardtrening

Fleire osingar har kasta seg på strongman-konkurransar. No er dei i hardtrening til Clash of Titans 2009.

I hardtrening
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. okt. 2009 05:30

Bildeserie:

1 av 4

I fjor haust skreiv vi om den innflytta osingen Raymond Lillemo, som i august 2008 stakk av med førsteplassen i konkurransen "Hordalands sterkaste mann". Seinare same år arrangerte han "Clash of Titans" i Grieghallen, som gav ein av tilskodarane, osingen Øyvind Rein, lyst til å prøva seg.

- Eg har trent styrke i nokre år, og syntes konkurransen såg morosam ut, seier Øyvind til Midtsiden.no.

Han møtte Raymond via felles kjente i Os, og på nyåret byrja dei å trena saman. Onsdag kveld trente dei saman med ein annan som ofte er i Os, handbak-kjempen Lars Rørbakken frå Trengereid.

Tungt å springa
Rein har funne sine favorittøvingar i sporten der to konkurransar sjeldan er like.

- Det plar vera 4 til 7 øvingar på ein konkurranse. Løfting av stein, truckpull og flipping av dekk får eg godt til, medan farmers walk, der du skal springa med tunge vekter i kvar hand, og ei øving der du skal springa med vekter på nakken, synes eg er verre, fortel han.

Allereie i april i år, tre månadar etter at han byrja å trena, debuterte han i konkurranse.

- Eg var nest best på løfting av steinar, men hamna samla sett på 6. plass blant 10 deltakarar.

Opel-trillebår
I førre månad var det ny konkurranse om å vera sterkast i Hordaland. Raymond klarte ikkje å forsvara tittelen.

- Eg hadde for dårlleg oppkjøring, så det blei 6. plass i år. Men eg gjorde det skarpt i bil-trillebår, seier Lillemo.

Ein Opel Astra med på-sveisa handtak fungerte som trillbår. Men bilen var ikkje tung nok i seg sjølv, så det blei plassert 250 kilo i bagasjerommet.


Oppkjøring til ny Clash
"Clash of Titans" blei ein suksess, og 28. november er Lillemo med og arrangerer ein ny clash, denne gong i Arenum.

- Vi fekk fleire tilbakemeldingar om at arrangementet var det beste på norsk jord til no, det gav oss lyst til å prøva igjen. Sjølv om vi hadde mellom 900 og 1000 tilskodarar var utgiftene dessverre noko større enn inntektene, men i år skal vi nok få det til å gå rundt, trur han.

Siste sundagen i november skal rundt 12 deltakarar kjempa i Arenum, som har noko lågare husleige enn Grieghallen.

- I tillegg er det asfaltdekke i hallen vi har leigd, og det er betre enn den malte betongen som vi sklei på då vi skulle trekka lastebilar i fjor, fortel Raymond Lillemo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.